Sara Nordenstam
Sara Nordenstam (fødd 28. februar 1983) er ein norsk symjar fødd i Lycksele i Sverige.
Sara Nordenstam | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 28. februar 1983 (41 år) Lycksele |
Idrett | svømming |
Tok del i | Sommar-OL 2012, Svømming under Sommer-OL 2008 – 200 meter brystsvømming damer |
Sara Nordenstam flytta med familien til Noreg då ho var ti år, og fekk sidan norsk statsborgarskap. I Aftenposten 16.8.08 skriv Mette Bugge at ho vart norsk statsborgar i 1994, i same artikkel står det med NTB, Olympiatoppen, som kjelde at ho vart norsk statsborgar for fire år sidan (dvs. i 2004). Ho tevlar for Lambertseter Svømmeklubb der ho òg har ein administrativ jobb. Nordenstam har studert i USA i fire år, med faga reklame og marknadsføring. Ho har to bachelorgradar. Ho er busett på Lambertseter, Oslo, og er ugift.
Sara Nordenstam tok bronsjemedalje med ny europarekord på 2.23.02 og på 200 meter bryst under Sommar-OL 2008 i Bejing.
Meisterskapsmedaljar
endreOlympiske leikar | |||
---|---|---|---|
Medalje | Tevling | År | Stad |
Bronsje | 200 m bryst | Sommar-OL 2008 | Beijing |
Merittar
endreNoregsrekordar
endreTevling | Resultat | Stad | Dato |
---|---|---|---|
200 m bryst | 2.23.02 | Beijing, Kina | 15. august 2008 |
200 m IM | 2:17.36 | Barcelona, Spania | 11. juni 2008 |
400 m IM | 4:40.28 | Beijing, Kina | 9. august 2008 |