Sarah Palin
amerikansk politikar
Sarah Louise Heath Palin (fødd 11. februar 1964) er ein amerikansk politikar for Det republikanske partiet. Ho var guvernør i delstaten Alaska, eit embete ho hadde sidan 2006 til ho trekte seg i 2009. Ho var den første kvinnelege guvernøren i Alaska, og også den yngste i Alaskas historie. Ho var John McCain sin visepresidentkandidat ved presidentvalet i 2008. I 2010 inngjekk ho kontrakt med Fox news, for å vere fast tilsett politisk kommentator.
Sarah Palin | |
Fødd | 11. februar 1964 |
---|---|
Parti | Det republikanske partiet i USA |
BakgrunnsstoffEndra
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sarah Palin