Sarah Selmer (fødd 1. august 1972 i Oslo)[1] er ein norsk lyrikar og omsetjar.

Sarah Selmer
Nasjonalitet Norsk
Statsborgarskap Noreg
Fødd 1. august 1972 (51 år)
Oslo
Yrke skribent
Periode 2000-
Debut Svimmel

Ho debuterte i 2000 med diktsamlinga Svimmel og har sidan utgjeve Brytningsanomaliene i 2008 og Retiro i 2011.[2]

Selmer er utdanna litteraturvitar frå Universitetet i Oslo der ho skreiv hovudoppgåva I Comalas pauser : en lesning av Juan Rulfos Pedro Páramo.[3] Ho har vore bokmeldar i Aftenposten og arbeidd som forlagskonsulent, omsetjar og lærar.[2]

Bøker

endre
  • 2000 – Svimmel – diktsamling
  • 2008 – Brytningsanomaliene – diktsamling
  • 2011 – Retiro – diktsamling

Referansar

endre
  1. ««Satah Selmer»». forfatterkatalogen.no. Henta 4. april 2012. 
  2. 2,0 2,1 ««Sarah Selmer»». Nettstaden til Gyldendal Norsk Forlag. Henta 4. april 2012. 
  3. ««SAMBOK: 1677786344»». Nasjonalbiblioteket. Henta 4. april 2012. 

Bakgrunnsstoff

endre