Sarasenarar var eit namn nytta i Europa i antikken og mellomalderen om arabarar og muslimar. Opphavleg var det ei folkegruppe som kom frå ein del av Sinai, men etter kvart, og særleg under krosstoga, vart det nytta om muslimar generelt.

«Saracen's Head» er eit vanleg pubnamn i Storbritannia.

Sarasenar kjem frå det greske sarakēnoí, som tyder austlendingar. Klaudios Ptolemaios var den første ein veit om som nytta uttrykket då han skildra området Sarakene nord på Sinai, kalla opp etter byen Saraka mellom Egypt og Palestina.[1][2][1][3][4][5]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 Daniel, s. 53.
  2. Retso, s. 505-506.
  3. Kahf, p. 181.
  4. Retsö, s. 96
  5. Saracens: Islam in the Medieval European Imagination, by John V. Tolan, 2002, s. xv.