Sarosbukta
Sarosbukta (tyrkisk Saros Körfezi) er ei bukt nord i Egearhavet nord for Gallipolihalvøya nordvest i Tyrkia.
Sarosbukta | |||
bukt | |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Del av | Egearhavet | ||
Sarosbukta 40°30′00″N 26°20′00″E / 40.5°N 26.333333333333°E | |||
Kart som viser Sarosbukta.
| |||
Wikimedia Commons: Gulf of Saros |
Bukta er 75 km lang og 35 km brei. Området er ein populær feriestad om sommaren med sandstrender og krystallklårt vatn. Dykking, brettsegling og fiske er dei vanlegaste vassportane her.
Av busetnader langs bukta finn ein Gökçetepe, Mecidiye, Erikli, Danişment, Yayla, Karaincirli, Vakıf, Büyükevren, Sultaniçe, Gülçavuş og Enez, alle i provinsen Edirne. Øyane Gökçeada (Imbros) og Samothráki ligg i Egearhavet like utanfor Sarosbukta.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Samothrace» frå Wikipedia på engelsk, den 13. august 2012.