Amitriptylin
kjemisk sambinding
(Omdirigert frå Sarotex)
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Amitriptyline (seld som Sarotex i Noreg, elles som Elavil, Tryptanol, Endep, Elatrol, Tryptizol, Trepiline og Laroxyl) er eit trisyklisk antidepressiv som blir brukt i behandling av depresjonar og i nokon grad også sengevæting og migrene. Stoffet er kvitt og luktfritt, men har smak av lakris. Det er vassløyseleg og blir som regel gjeve i tablettform. Stoffet hemmar gjenopptak av serotonin og noradrenalin.