Lakris (extractum glycyrrhiza) er eit svart eller brunt etande stoff som ein trekk ut frå rota av lakrisplanten. Namnet kjem av det greske glykyrrhiza som tyder «søt rot».[1]

Lakrissnøre, eit godteri laga med lakris.
Engelsk konfekt eller lakriskonfekt, her av merket Bassett's liquorice Allsorts.

Lakris blir brukt både som smaksstoff, særleg i godteri, men òg i til dømes snus, og ifølgje Felleskatalogen som slimløysande substans i naturlækjemiddel tradisjonelt brukt i folkemedisinen ved forbigåande hoste og katarr i øvre luftvegar. Lakrismikstur (mixtura solvens) kan nyttast ved forkjøling og lakrisrotpulver (lakrispulver) som mildt avføringsmiddel.

Salmiakklakris er ein smaksvariant som blir brukt i godteri.

Lakrisprodukt utforma på ulike måtar kan ha namn som lakrisbåt, (t.d. Skipper Lakrisbåtar) lakrissnor eller lakrispipe.

Lakris-forgifting endre

Lakrisrotekstrakt blir brukt for å handsama mageproblem og anna. På den andre side kan dei som et mykje lakris ofte, bli forgifta og få problem med hjartet.[2][3][4] Ved slikt inntak kan ein få meir av stresshormonet kortisol i blodet, noko som gjev høgt blodtrykk og hovudverk. Forgifting kan òg gje muskelveikskap, kvalme og alvorlege forstyrringa i hjarterytmen på grunn av kaliummagel. Store mengder som blir sett til livs ved einskildtilfelle fører berre til diaré. Lakris kan òg senka testosteronnivået.[5]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Lakris