Stefano di Giovanni di Consolo, betre kjend som Sassetta, (ca 13941. april 1450) var ein italiensk målar som under ungrenessansen var den fremste av dei målarane som arbeidde i Siena.

Sassetta

Fødd 1392
Siena, Cortona
Død

1. april 1450 (57 år)
Siena

Yrke kunstmålar
Born Giovanni Di Stefano
Sassetta på Commons
Frans av Assisi fornektar sin jordiske far, 1444

Liv og gjerning endre

Opphavet til Il Sassetta er ukjent. Truleg var han elev av målaren Paolo di Giovanni Fei. Hans eldste kjende verk har vorte tidfesta til 1423, ei altartavle som i dag er delt mellom ulike samlingar. Sassetta vigde seg utelukkande til religiøse tema. Han utvikla ein svært personleg stil av den såkalla internasjonale gotisk stilretninga. Ei rekke måleri med motiv frå livet til den heilage Frans av Assisi høyrer med mellom hans viktigaste verk.

Ettersom han var kjend med at målarar i Firenze hadde prøvd ut perspektiv i bileta sine, ville Sassetta sjølv prøve å nytte seg av metoden, men lukkast ikkje å beherske perspektiv på ein fullkomen måte. Karakteristisk for Sassetta sine måleri er dei flytande linjene og festlege, skinande raud- og purpurfargane.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Sassetta