Saturn Award

(Omdirigert frå Saturn-prisen)

Saturn Award (norsk: Saturn-prisen) er ei utmerking som blir utdelt årleg av den frivillige organisasjonen Academy of Science Fiction, Fantasy & Horror Films i USA. Utmerkinga skal heidra dei gjevaste verka innan sjangrane science fiction, fantasy og grøssar både i kinofilm, fjernsyn og heimevideo. I byrjinga vart utmerkinga laust referert til som Golden Scroll, og det skjer stundom enno.

Saturn Awards blei skipa av Dr. Donald A. Reed i 1972. Den fysiske utmerkinga er ein statuett av planeten Saturn, der ringane består av film. Det er medlemmar i det nemnte akademiet som røystar fram prisvinnarane.

Sjølv om ein først og fremst nominerer film og fjernsynsproduksjonar innanfor sjangrane sci-fi, fantasy og grøssar, har ein også gitt prisar til "vanlege" dramatiske sjangrar. Den førtiande utdelinga av Saturn Awards blei halden den 26. juni 2014 i California.

Saturn Awards har ofte blitt kritisert for brei og inkonsistent sjangerdefinisjon i tillegg til nominasjon og tildeling av prisen til filmar som ikkje har noko med korkje sci-fi, fantasy eller grøssar å gjera.

Kjelde endre