Saturnmånen Albiorix

saturnmåne

Albiorix er ein av månane til Saturn. Han er største medlem av Den galliske gruppa, og er truleg eit objekt som har vorte fanga inn av Saturn. Albiorix har ein snittradius på kring 16 km.

Diagram over banehelling, liten halvakse og fysisk storleik for Albiorix og andre prograde saturnmånar

Albiorix vart oppdaga 9. november 2000 av Matthew J. Holman og Timothy B. Spahr frå Fred Lawrence Whipple-observatoriet i Arizona.

Kjelder endre

  Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.