Ringane til Saturn
(Omdirigert frå Saturnringane)
Ringane til Saturn er ei rekkje planetringar, sett saman av hovudsakleg is og støv, som omkransar planeten Saturn.
Den første kjende observasjonen av ringane blei gjort av Galileo Galilei i 1610, men det svake teleskopet han brukte gjorde at han såvidt kunne sjå dei, og trudde dei var to månar på kvar side av planeten. Christiaan Huygens var i 1655 den første som meinte at det kunne gå ein ring rundt Saturn.
Liste
endreDette er ei liste over dei namnsette ringane til Saturn, og mellomromma mellom dei.
Namn | Avstand frå Saturns senter (km) |
Breidd (km) | Namngitt etter |
D-ringen | 67 000 - 74 500 | 7 500 | |
C-ringen | 74 500 - 92 000 | 17 500 | |
Columbogapet | 77 800 | 100 | |
Maxwellgapet | 87 500 | 270 | James Clerk Maxwell |
B-ringen | 92 000 - 117 500 | 25 500 | |
Cassinigapet | 117 500 - 122 200 | 4 700 | Giovanni Cassini |
Huygensgapet | 117 680 | 285-440 | Christiaan Huygens |
A-ringen | 122 200 - 136 800 | 14 600 | |
Enckegapet | 133 570 | 325 | Johann Encke |
Keelergapet | 136 530 | 35 | James Keeler |
F-ringen | 140 210 | 30-500 | |
G-ringen | 165 800 - 173 800 | 8 000 | |
E-ringen | 180 000 - 480 000 | 300 000 |