Støv, dust[1] eller dumbe[2] er svært små faste partiklar med diameter på mindre enn 50 mikrometer[3] (jamfør sand eller granulat). I jordas atmosfære finst det støv frå ulike kjelder. Jordstøv spreidd av vinden, vulkanske utbrot og forureining er nokre døme. Luftbore støv er rekna som ein aerosol som kan ha ein sterk og lokal påverknad på varmestråling i atmosfæren, og dermed på klimaet. I tillegg, dersom støvet består av ei lettenneleg substans, kan det medføre eksplosjonsfare.

Sementstøv i Oregon.

Fysikk endre

Fysikken til støv følgjer lovar som ikkje alltid kan samanliknast med faste stoff eller flytande stoff. For eksempel er trykket på ein boks full av støv ikkje nødvendigvis homogent.

Generelle helseeffektar endre

Støv er årsaka til lungesjukdommen kjent som pneumoconiosis, ein sjukdom som finst hjå mellom anna kolgruvearbeidarar. Dette har resultert i ei rekkje arbeidsmiljølovar.

Ulike typar støv endre

Kjelder endre