Savinja er ei elv nordaust i Slovenia som hovudsakleg renn gjennom Øvre og Nedre Savinjadalen (slovensk Zgornja i Spodnja Savinjska dolina) og gjennom byane Celje og Laško. Savinja er den største elva i Kamnik-Alpane. Ho munnar ut i Sava ved byen Zidani Most. Ho har ofte medført flaum, som i 1960-åra, 1990 og 1995. Savinja er 96 km lang.

Savinja
elv
Savinja i Celje før ho vender sørover til Laško
Land  Slovenia
Lengd 96 km
Kjelde Rinkafossen
 - høgd 1 120 moh.
Munning Sava
Kart
Savinja
46°05′02″N 15°10′20″E / 46.083813564497°N 15.172183513641°E / 46.083813564497; 15.172183513641
Wikimedia Commons: Savinja
Savinja nedanfor Øvre Celje-borga i Pečovnik mot nordaust.

Elva oppstår ved Rinkafossen, som renn gjennom eit regulert område i den nedre delen av Logarskadalen, der ho renn saman med Jezera og vert Savinja. Denne kjelda er erklært ein naturarvstad, og Rinkafossen er ein av dei mest kjende i Slovenia. Fossefallet er det høgaste av 20 fossar i Logardalen og vert vitja året rundt. Om vinteren er staden populær hos isklatrarar.

Dei største sideelvane til Savinja er Lučnica ved Luče, Ljubnica ved Ljubno, Dreta ved Nazarje, Paka ved Šmartno ob Paki og Ložnica og Voglajna med Hudinja ved Celje.

Vasskvaliten er rekna som førsteklasses ved Radmirje, men fell så gradvis til andre og tredje klasse.

Frå Ljubno vart det vanleg med tømmerfløyting på elva fram til 1950-åra. Det finst eit monument av ein tømmerfløytar (Splavar) ved elva i Celje.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

46°05′N 15°10′E / 46.083°N 15.167°E / 46.083; 15.167