Kamnik-Alpane (slovensk Kamniške Alpe, tysk Steiner Alpen) er ei fjellkjede som høyrer til Dei sørlege kalksteinsalpane nord i Slovenia og langs grensa til Austerrike. Namnet kjem frå byen Kamnik. Etter den største elva i fjellkjeda, Savinja, vert fjella òg stundom kalla Savinja-Alpane (slovensk Savinjske Alpe, tysk Sannthaler eller Sulzbacher Alpen). Elva Kamniška Bistrica har kjelda si i Kamnik-Alpane. Det finst ein liten isbre nedanfor Skuta, som er den austlegaste isbreen i Dei sørlege Alpane.

Kamnik-Alpane
fjell
Grintovec (til venstre i bakgrunnen) og Skuta (til høgre i forgrunnen)
Land  Slovenia,  Austerrike
Fjellkjede Dei sørlege kalksteinsalpane
Høgd Grintovec, 2 558 moh.
Koordinatar 46°21′26″N 14°32′08″E / 46.35722°N 14.53556°E / 46.35722; 14.53556
Kart
Kamnik-Alpane
46°21′00″N 14°35′00″E / 46.35°N 14.58333333°E / 46.35; 14.58333333
Wikimedia Commons: Kamnik–Savinja Alps

Plassering endre

Kamnik-Alpane ligg på grensa mellom Austerrike og Slovenia, mellom elvane Sava og Savinja. Historisk har dei danna grensa mellom hertugdøma Kärnten, Steiermark og Krain. Trippelpunktet på grensa låg ved Uršlja gora.

Fjelltoppar endre

Dei viktigaste fjelltoppane er

Totalt strekkjer 28 fjell seg over 2000 meter i fjellkjeda. Den slovenske delen av kjeda dekkjer om lag 900 km². Om lag tre fjerdedelar av overflata er skogkledd, medan dei høgare toppane er trelause og berglendte.

Grenser og fjellovergangar endre

I aust grensar Kamnik-Alpane til Celjehøglandet ved elva Dravinja. I nordvest ligg Karavankane og Vellachdalen.

Dei viktigaste fjellovergangane mellom Kärnten og Øvre Krain er Jezersko Pass (slobensk Jezersko sedlo tysk Seebergsattel) og Pavličpasset (slovensk Pavličevo sedlo, tysk Paulitschsattel). På den slovenske sida finst det skiområde, medan turismen i Vellachdalen er retta mot kurstader.

Sjå òg endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre