Savyon (hebraisk skrift סַבְיוֹן) er ein lokal kommune i Sentral-Israel i Israel, som grensar til byane Kiryat Ono, Petah Tikva og Yehud. Han er ein av dei mest velståande kommunane i Israel og er kjend både på godt og vondt for dette. I desember 2009 hadde Savyon eit folketal på 3 000.[1]

Savyon
סַבְיוֹן, Savion
lokal kommune
Namneopphav: Åkersvineblom
Land  Israel
Distrikt Sentral
Koordinatar 32°2′50.14″N 34°52′32.56″E / 32.0472611°N 34.8757111°E / 32.0472611; 34.8757111
Areal 3,746 km²
Folketal 3 000  (2009)
Folketettleik 801 / km²
Grunnlagd 1955
Borgarmeister Moshe Liftz
Kart
Savyon
32°02′50″N 34°52′33″E / 32.047261111111°N 34.875711111111°E / 32.047261111111; 34.875711111111
Wikimedia Commons: Savyon

Savyon vart grunnlagd i 1955 av Africa Israel Investments for eldre immigrantar frå Sør-Afrika. Han fekk namn etter åkersvineblom, ein vanleg villblomst, men den første delen av namnet (sav) tyder òg «bestefar», noko som høver for innbyggjarane som grunnla byen.[2] I dag husar Savyon ein yngre folkesetnad.

I 2004 vart moshaven Ganei Yehuda (hebraisk skrift גַּנֵּי יְהוּדָה) ein del av Savyon.

Kjelder endre

  1. «Table 3 – Population of Localities Numbering Above 2 000 Residents and Other Rural Population» (PDF). Israelsk statistisk sentralbyrå. 30. juni 2010. Henta 6. juli 2015. 
  2. Vilnai, Ze'ev (1978). «Savyon». Ariel Encyclopedia. Volume 5. Israel: Am Oved. s. 5298–99.  (he)