Sayyid-dynastiet
Sayyid-dynastiet var eit herskardynasti i Delhisultanatet. Det hadde makta frå 1414 til 1451 gjennom fire herskarar. Dynastiet blei grunnlagd av Khizr Khan, som hadde vore guvernør av Multan under det føregåande Tughlakdynastiet. Han tok ikkje tittelen sultan, men var i det minste i namnet vasall for det mongolske Timuridedynastiet. Dynastiet har tittelen sayyid fordi det skulle stamma frå profeten Muhammed gjennom dottera hans Fatima og svigersonen Ali.
Den siste Sayyid-herskaren, Ala-ud-Din, abdiserte frivillig frå trona til fordel for Bahlul Khan Lodi, som grunnla Lodi-dynastiet.[1]
År | Herskar |
---|---|
1413–1415 | Daulat Khan |
1415–1421 | Khizr Khan |
1421–1435 | Mubarrak sjah II |
1435–1445 | Mohammed sjah IV |
1445–1451 | Aladdin Alam sjah |
Kjelder
endre- ↑ Mahajan, V.D. (1991, reprint 2007). History of Medieval India, Part I, Now Delhi: S. Chand, ISBN 81-219-0364-5, s. 244
- Denne artikkelen bygger på «Sayyiderna» frå Wikipedia på svensk, den 28. januar 2018.
- Wikipedia på svensk oppgav desse kjeldene:
- Materiale frå Nordisk familjebok, «Indien», 1913.
- Denne artikkelen bygger på «Sayyid dynasty» frå Wikipedia på engelsk, den 28. januar 2018.