Scarab Bluff
Scarab Bluff er ein skrent nord for Giza Peak oppom hytta på Fossil Bluff på austkysten av Aleksanderøya i Antarktis. På eit lite platå oppom skrenten finst eit lite vatn med permanent smeltevatn og som er ein biologisk forskingsstad. Han vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee i 1993 i samband med andre namn i nærleiken etter den heilage skarabé-billa til egyptarane. Andre stadnamn i området er kalla opp etter ting frå det gamle Egypt.
Scarab Bluff | |||
klippe | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Aleksanderøya | ||
- koordinatar | 71°20′S 68°16′W / 71.333°S 68.267°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Scarab Bluff 71°20′00″S 68°16′00″W / 71.3333°S 68.2667°W | |||
Kjelder
endreDenne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Scarab Bluff» (innhald frå Geographic Names Information System).