Schächental
Schächental er ei fjelldal i Uri i Sveits, danna av elva Schächen. Dalen strekkjer seg 10 km austover frå Altdorf.
I Schächental ligg kommunane Bürglen (525 m), Spiringen (923 m) og Unterschächen (995 m). Dalen endar ved Klausenpasset (1948 moh), som går over til Urnerboden og Glarus. Ein sidedal, Hinter Schächen har greiner sør for Unterschächen, og strekkjer seg 4 km. Han endar brått i den bratte nordsida til Gross Windgällen.
På veg ut av dalen renn Schächen forbi Altdorf og munnar ut i Reuss ved Attinghausen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Schächental» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mars 2012.