Schärding er ein by og ein kommune i Distriktet Schärding i forbundslandet Oberösterreich i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 4,0 km² og i kring 5100 ibuarar. Byen Schärding ligg ei 10-12 kilometer sør om Passau, ved elva Inn og 313 meter over havet.

Bybilete i Schärding

Schärding er distriktshovudstad og eit lokalt senter for det kringliggjande grannelandet. Omframt eit meieri og eit bryggeri er dei aller fleste tilsett i tertiærnæringar, så som handel og offentleg tenesteyting.

Kjelder endre