Bryggjeri

(Omdirigert frå Bryggeri)

Bryggjeri er verksemder som bryggjer øl for sal. Tradisjonelt har bryggjeria stått for heile produksjonkjeda, og har hatt både malteri, bryggjarhus, gjærkjellar, lagerkjellar, tapperi for å tappe ølet over på flasker, og dessutan øllager. Bryggeria har i moderne tid utvikla seg til store industriverksemder med standardiserte øltypar. Men som ei motvekt til desse, har det òg kome til småbryggjeri og såkalla mikrobryggjeri, som satsar på øl for dei spesielt interesserte.

Innsyn i malteriet på Frydenlunds bryggeri i Oslo i 1890-åra.
Bryggekjeler av eldre typar der gjæringa gjekk føre seg.
Sjå òg Mikrobryggeri

Bryggjerinæringa har lange tradisjonar i dei fleste landa, og det er kjend at bryggjeriverksemd har vore drive så langt attende i tida som 4000 år f.Kr. i Babylon. I mellomalderen betra munkane i Europa produksjonsmetodane, og la på det viset grunnlaget for den moderne industrielle bryggeriverksemda.

I Noreg ver det tidlegare vanleg at bryggjeria òg dreiv ein mineralvatnfabrikk.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Bryggjeri