Schlins
Schlins er ein kommune i distriktet Feldkirch i forbundslandet Vorarlberg i Austerrike. Kommunen dekker eit areal på 6,03 km² med om lag 2 400 ibuarar i 2016. Schlins ligg på nordsida av elva Ill, 502 meter over havet og omfattar «grendene» Baling, Frommengärsch, Jupident og Rönsberg. Til distriktshovudstaden Feldkirch i nordvest er det åtte kilometer.
47 % av arealet i kommunen vert nytta til landbruk, som spelar ei viktig rolle i eit elles variert næringsliv. 32 % av flatevidda er dekt med skog.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Schlins» frå Wikipedia på tysk, den 4. mai 2016.