Schneebiger Nock er ein 3 358 meter over havet høg fjelltopp i Hohe Tauern i Alpane. Fjelltoppen ligg i provinsen Bolzano i Italia. Schneebiger Nock er det nest høgste av Rieserferner-fjella, eit fjellområde vest i Hohe Tauern. Fjellet ligg i Naturpark Rieserferner-Ahrn/Parco Naturale Vedrette di Ries-Aurina.

Schneebiger Nock
fjell
Schneebiger Nock, sett frå nord
Land  Italia
Fjellkjede Hohe Tauern
Høgd 3 358 moh.
Førstestiging 6. oktober 1866
Koordinatar 46°54′20″N 12°5′4″E / 46.90556°N 12.08444°E / 46.90556; 12.08444
Kart
Schneebiger Nock
46°54′20″N 12°05′04″E / 46.90555556°N 12.08444444°E / 46.90555556; 12.08444444
Wikimedia Commons: Schneebiger Nock

Den austerrikske erkehertugen Rainer Ferdinand, Heinrich Wurmbrand og fjellførarane Georg Auer og Johann Oberarrbacher, samt Georg Weiss kleiv til topps som dei aller fyrste, den 6. oktober 1866. I dag vert toppen av Schneebige Nock nådd frå Kasseler Hütte på nordaustsida, eller frå Rieserfernerhütte på sørsida. Med si markante pyramideform og den særprega egga er toppen eit ynda mål for fjellturistar og som utsynspunkt.

Kjelder endre