Hohe Tauern
Hohe Tauern er den høgaste fjellkjeda i Alpane aust for Brennerpasset. og inneheld dei høgaste fjella i Austerrike. Ho går gjennom dei austerrikske forbundslanda Salzburg, Kärnten og Tirol, i tillegg til delar av Sør-Tyrol i Italia.
Kjeda grensar til Salzach-dalen i nord (med Kitzbühelalpane på andre sida) Mura-dalen og Murtörl-passet i aust (som skil Hohe Tauern frå Niedere Tauern), Drava-dalen i sør (med Dei sørlege kalksteinsalpane på andre sida), og Birnlücke-passet i vest (med Zillertalalpane på andre sida).
Dei viktigaste områda er (frå vest til aust):
- Venediger-massivet (om lag 20 toppar frå 3 000 til 3 660 moh)
- Granatspitz-massivet (Große Muntanitz 3 232 moh)
- Glockner-massivet (Großglockner 3 798 moh)
- Goldberg-massivet med Hoher Sonnblick (3 106 moh)
- Ankogel-massivet (Hochalmspitze (3 360 moh) med Hafner-massivet, som inneheld dei austlegaste fjelltoppane over 3 000 m i Alpane.
Områda i Hohe Tauern som ligg sør for hovudkjeda i Alpane er:
- Rieserferner-massivet (Hochgall, 3 436 moh)
- Villgratner-fjella (Weisse Spitze), 2 962 moh)
- Schober-massivet (Hochschober, 3 240 moh)
- Kreuzeck-massivet (Polinik, 2 784 moh)
Namnet «Hohe Tauern» tydde opphavleg «høge fjellovergangar», men vart brukt om sjølve fjella då ein dreiv med gruvedrift her i Mellomalderen.
I sentrum av området ligg nasjonalparken Hohe Tauern. Området er 1 800 km² og er den største av seks nasjonalparkar i Austerrike. Han er delt inn i ein kjernesone (der bygg- og anleggsverksemd er totalforbode) og ei randsone som vert nytta til skogbruk og setrar.
Turismen har berre auka minimalt etter at nasjonalparken vart oppretta, men har vorte mindre skadeleg på omgivnadane. Då ein oppretta nasjonalparken var det lagt vekt på at den tradisjonelle levemåten i området skulle bevarast.
Fjelltoppar
endreDei høgste fjelltoppane i Hohe Tauern er:
Fjelltopp | Område | Høgd | Fjelltopp | Område | Høgd | ||
---|---|---|---|---|---|---|---|
Großglockner | Glockner | 3 798 | Hochalmspitze | Ankogel | 3 360 | ||
Glocknerwand | Glockner | 3 721 | Schneebiger Nock | Rieserferner | 3 358 | ||
Großvenediger | Venediger | 3 657 | Hohe Dock | Glockner | 3 348 | ||
Großes Wiesbachhorn | Glockner | 3 564 | Fuscherkarkopf | Glockner | 3 331 | ||
Rainerhorn | Venediger | 3 559 | Großelendkopf | Ankogel | 3 317 | ||
Dreiherrnspitze | Venediger | 3 499 | Weißspitze | Venediger | 3 300 | ||
Rötspitze | Venediger | 3 496 | Keeskogel | Venediger | 3 291 | ||
Simonyspitze | Venediger | 3 473 | Schlieferspitze | Venediger | 3 290 | ||
Schneewinkelkopf | Glockner | 3 472 | Petzeck | Schober | 3 283 | ||
Kleinvenediger | Venediger | 3 468 | Rote Knopf | Schober | 3 281 | ||
Johannisberg | Glockner | 3 453 | Wildgall | Rieserferner | 3 273 | ||
Hochgall | Rieserferner | 3 436 | Magerstein | Rieserferner | 3 273 | ||
Klockerin | Glockner | 3 422 | Hocharn | Goldberg | 3 254 | ||
Hintere Bratschenkopf | Glockner | 3 413 | Ankogel | Ankogel | 3 252 | ||
Daberspitze | Venediger | 3 402 | Große Hornkopf | Schober | 3 251 | ||
Große Bärenkopf | Glockner | 3 396 | Hohe Fürleg | Venediger | 3 243 | ||
Hohe Eichham | Venediger | 3 371 | Hochschober | Schober | 3 240 | ||
Hohe Tenn | Glockner | 3 368 | Lenkstein | Rieserferner | 3 236 | ||
Malhamspitze | Venediger | 3 368 | Große Muntanitz | Granatspitz | 3 232 | ||
Große Geiger | Venediger | 3 360 | Kitzsteinhorn | Glockner | 3 204 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hohe Tauern» frå Wikipedia på tysk, den 30. juli 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Hohe Tauern» frå Wikipedia på engelsk, den 30. juli 2014.