Schober-massivet
Schober-massivet er eit område sentralt i fjellkjeda Hohe Tauern i Alpane i Austerrike, sør for hovudkammen i Alpane. Massivet ligg i forbundslanda Tirol og Kärnten. Størstedelen av fjellmassivet er innlemma i nasjonalparken Hohe Tauern.
Massivet har namn etter Hochschober på 3 242 moh, men det er Petzeck med sine 3 283 moh som er høgste fjelltoppen. I sør strekker massivet seg mot byen Lienz og Drava-dalen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Schobergruppe» frå Wikipedia på tysk, den 19. august 2014.