Scholastica

kvinnenamn
Denne artikkelen handlar om namnet. For helgenen, sjå Den heilage Scholastica.

Scholastica, Skolastika og liknande er kvinnenamn av latinsk opphav. Det er avleidd av scholasticus, som tyder 'lærd, lærar' og 'student', og oppstod i tidleg mellomalder. Namnet har samband med ordet «skole».

Namnet er særleg knytt til den heilage Scholastica, syster av Benedikt av Nursia og ein kristen hegen som levde på 500-talet. Scholastica har namnedag den 10. februar, som er festdagen til den heilage Scholastica. Dette er framleis ein offisiell dansk namnedag.

Variantar av namnetEndra

  • Italiensk: Scolastica
  • Fransk: Scolastique
  • Engelsk: Scholastica
  • Polsk: Scholastyka
  • Spansk: Escolástica
  • Tysk: Scholastika
  • Ungarsk: Skolasztika

NamneberararEndra

Sjå ògEndra

KjelderEndra