Schwabe på månen

Schwabe er eit lite månekrater som ligg nord på månen. Det ligg søraust for det større krateret Arnold, og aust-nordaust for Democritus.

Schwabe
Koordinatar65°06′N 45°36′E / 65.1°N 45.6°E / 65.1; 45.6
Diameter25 km
Djupne1.7 km
Colengdegrad315° ved soloppgang
EponymHeinrich Schwabe

Ei kløft går gjennom krateret i nordvest og fram til det lava-fylte terrenget kring Schwabe G. Sør for Schwabe ligg ei anna kløft som går frå kanten av Schwabe D og nesten 100 km austover.

Resten av kraterkanten til Schwabe er nedsliten og ujamn, med den mest intakte delen langs aust-søraustsida. Den indre botnen er blitt fylt med basaltisk lava, og har kanskje flytt inn i krateret gjennom kløftene i kanten. Overflata er jamn og utan detaljar, med ein albedo lik det kringliggande terrenget.

Satellittkrater endre

Til vanleg er desse identifisert på månekart med ein bokstav ved sida av kratermidtpunktet som er nærast Schwabe.

Schwabe Breiddegrad Lengdegrad Diameter
C 67.8° N 46.9° E 29 km
D 64.5° N 44.6° E 17 km
E 64.0° N 43.4° E 19 km
F 66.4° N 50.0° E 20 km
G 65.5° N 42.2° E 15 km
K 67.5° N 48.8° E 9 km
U 66.5° N 57.1° E 17 km
W 69.6° N 52.2° E 9 km
X 68.3° N 56.6° E 8 km

Kjelder endre