Schwarzschild-radius

Schwarzschild-radiusen er den radiusen eit objekt lyt vera større enn for at ljos frå yta skal kunna nå ein observatør utanfor. Om objektet vert komprimert til under denne radiusen vil unnsleppingsfarten verta større enn ljosfarten og objektet er vorte eit svart hòl. Hendingsranda fell saman med schwarzschild-radiusen for svarte hòl.

Schwarzschild-radiusen er ein funksjon av massen til lekamen. For ein lekam som ikkje roterer og som er utan ladning, er schwarzschild-radiusen gjeven ved

der

er schwarzschild-radiusen
er gravitasjonskonstanten
er massen til objektet
er ljosfarten

For ein lekam med massen til sola er schwarzschild-radiusen lik om lag 3 kilometer, og for ein lekam med massen til jorda er han om lag 9 millimeter.

Konseptet Schwarzschild-radius spring ut frå den fyrste eksakte løysinga på likningane til Albert Einstein i den generelle relativitetsteorien. Likningane vart løyste av den tyske astronomen Karl Schwarzschild i 1916.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen baserer seg på artiklane «Schwarzschild radius» s. 359 og «Karl Schwarzschild» s. 358 i Philip's Astronomy Encyclopedia gjeven ut i 2002.