Scicli
kommune i Italia
Scicli er ein by og ein kommune i provinsen Ragusa i regionen Sicilia i Italia. Kommunen har 27 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 137,6 km².
Byen Scicli ligg 106 meter over havet, om lag 25 kilometer sør for provinshovudstaden Ragusa. Landsbyane Donnalucata og Sampieri e Cava d’Aliga er også ein del av kommunen.
Landbruk er hovudnæring i kommunen. Her er store mengder av frukttre, samt dyrking av grønsaker, også i drivhus. I Scicli finst òg ei kjemisk industribedrift, som produserer kunstgjødsel og insektsdrepande midlar.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Scicli» frå Wikipedia på tysk, den 18. september 2014.