Kunstgjødsel
Kunstgjødsel er kjemisk framstilt plantenæring.
Kunstgjødsel inneheld plantenæring i form av uorganiske sambindingar som nitrat (NO3-), ammonium (NH4+) og fosfat (PO43-). Sidan denne plantenæringa er i ei form som er lettløyseleg i vatn, kan plantane lett nyttiggjere seg næringsemna, men dei har samtidig lett for å bli utvaska med sigevatn eller for å fordunste til lufta.
Fullgjødsel inneheld ei blanding av nitrogen (N), fosfor (P), og kalium (K) og vert kalla NPK-gjødsel; nemninga vert dessuten tilføyd ein talkombinasjon slik at NPK-fullgjødsel 21 - 4 - 10 er samansett av 21 % nitrogen, 4 % fosfor og 10 % kalium.