Scottish Aviation

Scottish Aviation Limited var ein britisk flyprodusent som heldt til på den internasjonale flyplassen i Prestwick i Skottland.[1]

Scottish Aviation Limited
Skipa1935
DotterselskapScottish Airlines Sjå dette på Wikidata
Bransjeluftfart
StadPrestwick, Ayrshire, Scotland
HovudkontorPrestwick Sjå dette på Wikidata
Nedlagd1977
Fabrikkbygningen til Scottish Aviation, opphavleg Palace of Engineering ved Empire Exhibition i Skottland i 1938, som no tilhøyrer Spirit AeroSystems.

HistorieEndra

Selskapt vart skipa i 1935.[2][3] Opphavleg starta det som ein flyskole og i 1938 byrja selskapet med vedlikehaldsarbeid på fly- og under andre verdskrigen fekk dei oppdrag med å halda ved like fly for RAF, mellom anna Liberator bombefly.[treng kjelde]

I etterkrigstida byggde dei robuste STOL sambandsfly, som Pioneer og den større Twin Pioneer. Seinare bygde dei turboprop som Jetstream.[treng kjelde]

I november 1958 sa selskapet opp nesten 800 av dei 2 500 tilsette.[4] Scottish Aviation vart slått saman med British Aircraft Corporation, Hawker Siddeley Aviation, og Hawker Siddeley Dynamics og danna British Aerospace i 1977.

Bygde flyEndra

  • Scottish Aviation Pioneer
  • Scottish Aviation Twin Pioneer
  • Scottish Aviation Bulldog
  • Scottish Aviation Jetstream

KjelderEndra

FotnotarEndra

  1. Jackson 1974, s. 124.
  2. «Scots firm plans air network. Global Service Based on Prestwick». The Glasgow Herald. 27 October 1944. s. 4. Henta 24. november 2016. 
  3. «airport history». Glasgow Prestwick Airport. 15. juli 2009. Arkivert frå originalen 31. mars 2009. 
  4. «Further Shock at Prestwick». The Glasgow Herald. 21. november 1958. s. 1. Henta 24. november 2016. 
Bibliografi
  • Jackson, A.J. British Civil Aircraft since 1919 (Volume 3). London, Putnam, 1974. ISBN 0-370-10014-X

BakgrunnsstoffEndra

  • Berry, P (2005) Prestwick Airport and Scottish Aviation
  • Robertson, A (1986) Lion Rampant and Winged