Scottish Ensemble

Scottish Ensemble er eit profesjonelt strykeorkester basert i Glasgow i Skottland og leia av Jonathan Morton som kunstnarisk direktør og fiolinist.

Scottish Ensemble.
Foto: Joanne Green

Ensemblet har samarbeidd med ulike solistar, som trompetisten Alison Balsom, tenoren Toby Spence, fiolinisten Anthony Marwood, cellisten Pieter Wispelwey og fiolinisten Lawrence Power. Gruppa har samarbeid med musikarar frå ulike tradisjonar, og har til dømes spelt i lag med dei skotske folkemusikarane Catriona McKay, Chris Stout og Aly Bain, DJ-en Alex Smoke, den finske fiolinisten Pekka Kuusisto og den amerikanske bassisten Edgar Meyer.

Scottish Ensemble blei skipa i 1969 av fiolinistane Leonard Friedman og Daphne Godson,[1] og feira femtiårsdag i 2019. Gruppa er registrert som ein veldedig organisasjon.

Kjelder

endre
  1. Humphreys, Garry. «The Strad News - Scottish violinist Daphne Godson has died aged 90» (på engelsk). Henta 28. april 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Scottish Ensemble