Scullin monolith
Scullin Monolith er ei halvmåneforma klippe i sjøen 6 km vest for Torlyn Mountain i Mac. Robertson Land. Tidleg i januar 1930 flydde British Australian New Zealand Antarctic Research Expedition (BANZARE) under Douglas Mawson over området. Mawson landa på klippa den 13. februar 1931 og namngav henne etter James Scullin, som var statsminister i Australia frå 1929 til 1931.[1] Klippa vart kartlagt i januar og februar 1931 av norske kvalfangarar som utforska denne kysten og kalla det «Mount Klarius Mikkelsen» etter kaptein Klarius Mikkelsen, som var kaptein på kvalbåten «Torlyn». Mikkelsen Peak er framleis nytta om det høgaste punktet i klippene.
Scullin monolith | |||
klippe | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Mac. Robertson Land | ||
- koordinatar | 67°47′S 66°42′E / 67.783°S 66.700°E | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Scullin monolith 67°47′00″S 66°42′00″E / 67.7833°S 66.7°E | |||
Sidan klippa ikkje er dekt av snø eller is, er ho ein viktig hekkestad for fuglar, særleg petrellar.[2]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Scullin monolith» frå Wikipedia på engelsk, den 3. februar 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Antarktis Gazetteer: Scullin Monolith». Australian Antarctic Division. Henta 14. oktober 2012.
- ↑ «Scullin Monolith: Topography and bird distribution». Australian Antarctic Division. Henta 14. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Scullin monolith» (innhald frå Geographic Names Information System).