Seaforth Island
Seaforth Island (skotsk-gælisk Eilean Shìphoirt/Shìophoirt eller Mulag) er ei folketom øy i Ytre Hebridane i Skottland. I motsetnad til andre øyar i Ytre Hebridane, som hovudsakleg ligg mot ope hav, ligg Seaforth Island i fjorden Loch Seaforth, 8 km frå ope farvatn ved the Minch. Av dei to gæliske namna på øya, kjem det eine frå norrønt, som skildrar den geografiske plasseringa til øya, og det andre frå Francis MacKenzie, Lord Seaforth, som arva øya i 1783.[1]
Seaforth Island Lokalt namn Eilean Shìophoirt/Mulag | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 58°00′N 6°26′W / 58.00°N 06.43°W |
Øygruppe | Ytre Hebridane
|
Areal | 2,73 km²
|
Høgaste punkt | 217 moh. |
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Ytre Hebridane
|
Demografi | |
Folketal | 0
|
Øya har skrinn jord som berre kan nyttast som beitemark.
Historie
endreEin trur ikkje øya har vore busett i tidlegare tider, men fjordområdet har likevel vore ein del av ein grensestrid på 1800-talet. I 1851 vart dette løyst på uvanleg vis ved å la heile øya høyre til både Ross and Cromarty og Inverness-shire. Slik var grensa fram til grevskapa vart omorganiserte i 1975.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Seaforth Island» frå Wikipedia på engelsk, den 2. mars 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
-
Øya frå Lewis og Harris
-
Kysten av Seaforth Island