Segregasjon i mineralogi
Segregasjon eller magmatisk segregasjon er eit omgrep i mineralogi nytta om ein konsentrasjon av einskilde mineral ved krystallisasjon av eit magma. Ein del verdifulle malmførekomstar (segregasjonsmalmar) er danna på denne måten, anten i form av tidleg utkrystalliserte metalloksid eller frå ein sulfidsmelte som skilst ut som ein ublandbar fase i eit silikatmagma.
Kjelder
endre- Segregasjon: mineralogi. (2012, 11. juli). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/segregasjon%2Fmineralogi.