Opna hovudmenyen

Seigo Narazaki

japansk fotballspelar

Seigo Narazaki (fødd 15. april 1976) er ein japansk fotballspelar som spelar som keeper for Nagoya Grampus i J-League i Japan, og for det japanske landslaget. Narazaki vart fødd i Kashiba i Kansai-regionen.

Seigo Narazaki
Personleg informasjon
Fullt namn Seigo Narazaki
(japansk: 楢崎正剛)
Fødd 15. april 1976
Fødestad Kashiba
Høgd 186 cm
Posisjon Keeper
Klubbinformasjon
Noverande lag
Nagoya Grampus
Nummer 1
Ungdomsklubbar
1989-91
1992-94
Japan Kashibashi Jr. H.S.
Japan Nara Ikuei H.S.
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1995-98
1999-
Japan Yokohama Flügels
Japan Nagoya Grampus
104 (0)
307 (0)
Landslag
2000
1998-
Japan Japan U23
Japan Japan
4 (0)
70 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 4. februar 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 4. februar 2010

Narazaki fekk kontrakt med Yokohama Flügels i 1995, då han var ferdig på vidaregåande skule. Han vart klubben sin førstekeeper den sesongen, og spelte den første kampen sin 16. august 1995, mot Bellmare Hiratsuka. Han var med å vinna den japanske cupen med Flügels i 1998. Då Flügels vart slått saman med den andre Yokohama-klubben Yokohama Marinos i 1999, gjekk Narazaki over til Nagoya Grampus Eight. Med dei vann han den japanske cupen igjen i 1999.

Narazaki debuterte for det japanske landslaget i ein kamp mot Australia 15. februar 1998. Han var med i troppen til fotball-VM i både 1998, 2002 og 2006. I 2002 spelte han alle Japan sine kampar, men i 1998 og 2006 var han reserve for Yoshikatsu Kawaguchi.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra