Opna hovudmenyen
Fasaden til Laterankyrkja er i seinbarokk stil.

Seinbarokken var ein stilart innan kunsthistoria som fann stad i overgangen frå barokken til rokokko og nyklassisisme, frå slutten av 1600-talet til 1700-talet. Det er glidande overgangar mellom barokk, seinbarokk og det som kom etter, og stilen fann stad til ulike tider på ulike stader.

ArkitekturEndra

Seinbarokk byggekunst er tørrare og mindre dramatisk enn tidlegare barokk. Alessandro Galilei (1691-1737) var ein viktig seinbarokk arkitekt i Italia, som mellom anna stod for utsmykking av Laterankyrkja i Roma. Franske Claude Perrault (1613-1688) var viktig for fransk seinbarokk gjennom fullføringa av Louvre. Byane i Val di NotoSicilia, som blei gjenoppbygde etter eit jordskjelv i 1693, er innskrivne på verdsarvlista som døme på seinbarokk byggekunst. I Noreg er Sør-Fron kyrkje døme på eit bygg i seinbarokk stil. Stiftsgården i Trondheim er også frå denne tida, med element som kan kallast barokke og andre som kan kallast rokokko.

BakgrunnsstoffEndra