Sekstifiredelsnote

Ein sekstifiredelsnote, på italiensk semibiscroma, er i musikknotasjon ein note som tilsvarar 1/64 (éin sekstifiredel) av verdet til ein heilnote. Med andre ord går det 64 sekstifiredelsnotar på den tida det tek å spele ein heilnote. Ein enkel sekstifiredelsnote er avbilda med hovud, hals og fire faner festa til halsen. Det er likevel svært uvanleg å spele verk med einslege sekstifiredelsnotar i vanleg klassisk musikk. Som regel opptrer dei i grupper, der alle notane er sett saman ved hjelp av fire notebjelkar. På den måten blir det òg mykje lettare for musikarar å lese partitur der notane er brukte.

Sekstifiredelsnotar og sekstifiredelspause.
32 sekstifiredelsnotar sett her bunde saman ved hjelp av notebjelkar som angjev verdet. På denne måten blir dei òg lettare å lese.