Opna hovudmenyen

Sekvensstyring er automatisering av mekaniske rørsler som går i sekvens, altså i ei rekkjefølgja som er fastsett på førehand. Sekvensstyring er svært vanleg å bruka i matvareproduksjon.

StyringEndra

Å styra ein sekvens kan gjerast ved hjelp av relè og/ eller PLS, eller ved hjelp av pneumatikk. I dag er det mest vanleg å bruka PLS til sjølve styringa, medan ein brukar relè eller andre instrument til å utføra konkrete oppgåver som t.d. start og stopp av motorar. I tillegg nyttar ein ulike typar av gjevarar, meldarar og brytarar for å gje attendemelding til styresystemet om kor langt sekvensen er komen.

BruksområdeEndra

  • Samlebandsarbeid, der ein tidlegare har hatt folk ståande ved bandet for å utføra manuelle arbeidsoperasjonar, vert i dag oftast styrt automatisk.
  • Automatiske skyvedører er eit døme på ein svært kort sekvens.

Sjå ògEndra