Selihót
Selihót (hebraisk סליחות, seliḥót), òg skrive selichot, er ei nemning på fleire jødiske tilgjevingsbøner. Dei blir sagt på fastedagar og i tida fram til dei store høgtidene rosj hasjaná og jom kippúr.
I sefardisk jødedom tek selihót-tida til den 2. elúl. I askenasisk tradisjon byrjar ho som regel laurdagskvelden før rosj hasjaná.