Selskapet for Grimstad Bys Vel
Selskapet for Grimstad Bys Vel, også kalla Grimstad byselskap, er ein ideell organisasjon som har som formål å gjera Grimstad til ein triveleg og grøn by.[1]
Vedtektene for selskapet slår fast at det skal verka for å gjera byen vakrare ved å sørga for og vedlikehald parkar, plantar, bygningar og utsmykking i byen.[2]
Selskapet blei stifta i 1922 av innbyggjarar i byen, med Karl Olaus Knutson eller «kemner Knutson» som ein viktig pådrivar. Det har mellom anna støtta Ibsenhuset og Grimstad Bymuseum.[1]
Byselskapet eig også mykje av skjergarden ved Grimstad, og har lagt øyene og holmane ut til friområde.[3]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Byselskapet», www.grimstadbysvel.org, henta 17. juni 2020
- ↑ «Lover», www.grimstadbysvel.org, arkivert frå originalen 18. juni 2020, henta 17. juni 2020
- ↑ «Om Byselskapet», www.grimstadbysvel.org, arkivert frå originalen 17. juni 2020, henta 17. juni 2020
- Denne artikkelen bygger på «Selskapet for Grimstad Bys Vel» frå Wikipedia på bokmål, den 17. juni 2020.
Bakgrunnsstoff
endre