Grimstad

by i Agder
Grimstad
By
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Grimstad
Areal 9,75 km²
Folketal 14 390  (2023)
Folketettleik 1 476 / km²
Postnummer 4891 GRIMSTAD
Preposisjon i Grimstad
Kart
Grimstad
58°20′26″ N 8°35′36″ E
Wikimedia Commons: Grimstad (city)

Grimstad er ein by og administrasjonssenteret i Grimstad kommune på austkysten av Agder fylke. Tettstaden har 14 390 innbyggjarar per 1. januar 2023 og ligg ved ei bukt på vestsida av Groosefjorden.[1]

Namnet «Grimstad», opphavleg «Grømstad», er sett saman av gardnamnet «Grøm» (frå elvenamnet Gró(a), ‘elv som veks fort’, og heim) og «stad», frå norrønt stǫð, ‘stø, landingsplass’.[2]

Storgata i Grimstad
Kart
Grimstad

Geografi endre

Grimstad er den norske byen som ligg nærast Danmark, med ein avstand mellom byen og Hirtshals på 63 nautiske mil.[3]

Det ligg fem heier rundt sentrum av Grimstad: Binabben, med utsikt over byen, Kirkeheia, Fløyheia, Møllerheia og Vardeheia.[4] Skjergarden utanfor byen har mange små og store øyar og holmar. Mange av desse er kjøpte opp av Grimstad byselskap og lagde ut som friområde, som Hampholmen, Teistholmen og Ytre Maløya. Andre er sikra for allmenn bruk gjennom avtalar.[5]

Tradisjonelt har ein bygt hus tett ved kvarandre i byen, ofte med smau mellom seg. Det finst også smau utstyrte med trappetrinn, stinter.[6]

Historikk endre

Grimstad er nemnd frå 1528 som ei trelasthamn. Tidleg på 1600-talet vart staden lasteplass under Arendal. I 1791 fekk Grimstad fridom for last og loss mot ei fast avgift til Arendal, og 6. juni 1816 fekk han fullstendige kjøpstadsrettar.[7]

Grimstad vart hamn for utførsle av jernverksprodukt frå Frolands verk. Ved slutten av 1800-talet var Grimstad ein by for skipsbygging, i hovudsak seglskuter, og reiarlag. Då seglskipa etter kvart vart erstatta av stål- og dampskip, vart byen mindre viktig for sjøfarten.[2]

Kultur endre

Ibsen-museet

Om sommaren kjem det mange tilreisande til Grimstad. Bykjernen er ein attraksjon med idylliske, gamle byinteriør og smale, krokete gater. Det er fleire freda bygningar frå 1700- og 1800-talet i byen. Ibsen-museet rommar eit freda apotek frå 1757 der Henrik Ibsen arbeidde. Hamsun si diktarstove på Nørholm ligg 6 km i sørvest.[2]

Grimstad bys museer omfattar elles fram seglskipsverft i Hasseldalen, fotosamling i Matroshuset, utstillingar i Reimanngården og plantehistorie ved Norsk Hagebruksmuseum. Like ved hagebruksmuseet ligg Dømmesmoen med parkanlegg, gravhaugar og steinsettingar.[8]

Fjære kyrkje ligg 3 km nord for sentrum og er ei tidleg mellomaldersk steinkyrkje. På nordsida til kyrkja står eit monument over Terje Vigen. Grimstad kyrkje er ei langkyrkje av tre bygd i 1881.[9]

Kilden Teater har eit utandørsamfi i eit tidlegare steinbrot i Fjæreheia, der dei har årlege oppsettingar av friluftsteater. Kvar juni vert Kortfilmfestivalen arrangert i Grimstad. Musikkfestivalen Skral Festival føregår i juli. I august vert det halde Ibsen- og Hamsundagar i Grimstad.[7]

Grimstad Adressetidende er lokalavisa i byen og kjem ut tre dagar i veka.[2]

Næringsliv og utdanning endre

Verkstadindustrien i Grimstad er i hovudsak retta mot offshore- og skipsindustrien, men det vert også drive båtbygging og mekanisk industri. Ei av dei første plastbåtverksemdene i Noreg, Herwa, vart stifta i i 1956.

Andre viktige område er trevare- og næringsmiddelindustri. Næringsmiddelindustrien driv særleg med konservering av lokal frukt, bær og grønsaker og med eddikproduksjon frå råstoff dyrka nær byen.[2] Grimstad Gartneri dreiv med produksjon av fruktvin i størsteparten av 1900-talet. Mikrobryggeriet Nøgne Ø vart skipa i byen i 2002.

Sjøfart er framleis viktig for byen og nærområdet. Hamna i Grimstad er delt av den smale tangen Torskeholmen. Austbassenget husar ei gjeste- og småbåthamn. Det vestre husar ei industrihamn med djupvasskai og kran. Innseglinga er heller smal, men hamna klarer ta imot skip på opptil 70 000 tonn.[2]

Grimstad har fleire vidaregåande skular og husar ein del av Universitetet i Agder, Campus Grimstad.[10]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. «Grimstad – tettstedet». Store norske leksikon. 19. juli 2015. Henta 6. september 2016. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Nilsen, Jan Erik; Thorsnæs, Geir (14. november 2018). «Grimstad». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  3. https://www.distancefromto.net/between/Grimstad/Hirtshals
  4. «Sentrum - fra hei til hei - Grimstad kommune», www.grimstad.kommune.no, arkivert frå originalen 18. juni 2020, henta 17. juni 2020 
  5. «Badeplasser og friområder - Grimstad kommune», www.grimstad.kommune.no, henta 17. juni 2020 
  6. «Stinter og smau i Grimstad - Grimstad kommune», www.grimstad.kommune.no, henta 17. juni 2020 
  7. 7,0 7,1 «Kort historie om Grimstad - Grimstad kommune», www.grimstad.kommune.no (på norsk bokmål), henta 15. juni 2020 
  8. «Dømmesmoen», www.gbm.no, henta 16. juni 2020 
  9. «Kirkesøk - Kirkebyggdatabasen», kirkesok.no (på norsk), henta 16. juni 2020 
  10. «Campus Grimstad», Universitetet i Agder (på norsk), henta 12. juni 2020