Selskapsdame (engelsk lady's companion) er eit historisk yrke for kvinner. Ei selskapsdame var tilsett som betalt selskap for ei anna kvinne. Yrket var i slekt med det til hoffdamer, men omgrepet hoffdame kom til å blir knytt berre med selskapsdamer som var tilsette av kongelege kvinner, medan selskapsdamer blei nemninga for dei som var tilsette for ikkje-kongelege.

Grevinne Wilhelmina von Hallwyl, selskapsdama Ida Uhse og gymnastikkdirektøren Ida Westman rundt 1920.

Yrket var vanleg i europeiske høgareståande krinsar frå minst midten av 1700-talet, då det blir nemnt som ei klart definert stilling i England, men fanst i røynda langt tidlegare. Rundt år 1900 byrja føresetnadene for yrket forsvinna, både gjennom ein større rørslefridom og arbeidsmarknad for kvinner og gjennom at standssamfunnet blei svekka.

Ordet «selskapsdame» har av og til òg vore nytta som eit namn for ei kurtisane eller eskorte, men dette har då vist til kvinner som er tilsette som selskap for menn, ikkje andre kvinner. Det kan òg ganske enkelt visa til ei dame som er aktiv i selskapslivet.[1]

Bakgrunn og vilkår endre

 
Forfattaren Mary Wollstonecraft var ei tid selskapsdame.

Yrket som selskapsdame voks fram frå den lausare ordninga der ei overklassekvinne utan middel blei teken opp i hushaldet til ein familie av same samfunnsklasse og blei forsørgde av dei, noko som var vanleg i samband med einslege kvinnelege slektningar. Ei slik kvinne var venta å vera til selskap for kvinnene i familien og hjelpa til med ulike oppdrag mot å bli forsørgde, men blei ikkje rekna som ein tenar, meir som ein slags gjest. I mellomalderen hadde ikkje berre kongelege men òg adelege kvinner slike selskapsdamer i hushaldet sitt, som hadde same oppdrag som hoffdamer hadde hjå kongelege kvinner. Dette var ei uformell stilling som fyrst på 1700-talet kom til å bli klart definert som eit yrke.

Det finst opplysingar om selskapsdamer i Storbritannia frå midten av 1700-talet. Arbeidsoppgåvene til ei selskapsdame og stillinga hennar hjå arbeidsgjevaren svarte i store drag til den til ei hoffdame hjå ei kongeleg kvinne. Selskapsdama skulle vera av same, eller ein noko lågare, sosial klasse som arbeidsgjevaren. Yrket var, ved sida av den som guvernante og lærarinne, fram til slutten av 1800-talet eit av få yrke ei kvinne frå middelklassen eller overklassen kunne forsørgja seg på uten å mista statusen knytt til klassen sin. Ho fekk ei løn som offisielt blei kalla vedlikehald. Yrket minte til ein viss del om det til ei kammerjomfru, men ei kammerjomfru hadde ei klart definert stilling som tenar, noko ei selskapsdame ikkje blei rekna som.

I likskap med ei hoffdame skulle selskapsdama berre utføra oppdrag som arbeidsgjevaren hennar skulle ha kunna utføra, men valde å ikkje gjera. Det kunne handla om å hjelpa henne med å vera vertinne ved mottakingar, vifta henne med ei vifte, utføra saum, gje ordre til tenarane og vera til stdes som anstand ved høve der det ville ha vore sett på som upassande for ei kvinne å ikkje ha ei anna kvinne til stades – som ved omgang med menn, og der berre ei kvinne av same klasse blei rekna med.

Yrket bygde mykje på det at overklassekvinnene på denne tida var heime det meste av tida, og at det fanst fleire høve der ei kvinne ifølgje skikk og bruk ikkje blei rekna for å kunna vera uten selskap av ei anna kvinne av same samfunnsklasse som henne sjølv, om ho til dømes var nøydd til å bu åleine, eller om ho møtte ein mann ho ikkje var slekt med. Føresetnadene til yrket byrja forsvinna ved hundreårsskiftet 1900, då fleire yrke opna seg for kvinner frå middel- og overklassen og livet til overklassekvinner blei mindre avgrensa til heimen.

Kjelder endre

  1. «selskapsdame» i Nynorskordboka.