Opna hovudmenyen

Semiotikk eller semiologi (frå gresk semion, 'teikn') er læra om teiknsystem og bruken av dei. Det tek for seg korleis me uttrykker oss gjennom teikn (også ord er rekna som teikn) noko og korleis me skapar meining.

Historisk blir semiotikk knytt til to sentrale forskarar: Saussure og Peirce. Saussure blir rekna som grunnleggjaren av moderne lingvistikktradisjon, og er følgjeleg mest interessert i verbalspråket. Han såg språket som eit teiknsystem som kunne samanliknast med andre system som teiknspråk, millitærsignal og symbolske ritual. Peirce var filosof og pragmatikar. Han studerte teikn generelt, og ville studera heile den menneskelege medvitsproduksjonen og laga eit system for klassifikasjon av teikn generelt. Lenge brukte ein «semiologi» om tradisjonen etter Saussure og «semiotikk» om tradisjonen etter Peirce, men i dag er «semiotikk» mest brukt om begge.

Leiande semiotikararEndra

Sjå ògEndra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra