Opna hovudmenyen
Ardna, Senter for samiske studier, Tromsø

Senter for samiske studier ved UiT Noregs arktiske universitet er eitt av fleire sentra som universitetet har oppretta for satsingsområda sine. Senteret vart oppretta av universitetsstyret i 1990. Målsetjinga var å bidra til at forskning og undervisning ved Universitetet i Tromsø som har relevans for det samiske samfunnet, betre kan prioriterast og samordnast. Universitetet har vedteke ein samisk strategiplan, ei oppgåve for Samisk senter er å følgje opp denne planen.

Samisk senter har åtte administrativt og fem vitskapleg tilsette. Administrativ leiar for senteret var fra starten av Else Grete Broderstad, Hildegunn Bruland var administrativ leiar i ein periode fram til 2013, no er Else Grete Broderstad attende som leiar for senteret.

BakgrunnsstoffEndra