Serge Akakpo

Serge Akakpo (fødd 15. oktober 1987 i Lomé) er ein togolesisk fotballspelar. Han har spela i forsvar for Vaslui i den rumenske fotballigaen og for landslaget til Togo.

Serge Akakpo
Serge akakpo.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn

Serge Ognadon Akakpo

1987
Fødd 15. oktober 1987
Fødestad Lomé
Høgd 178 cm
Posisjon Midtstoppar, høgreback
Klubbinformasjon
Noverande lag
Vaslui
Nummer 14
Ungdomsklubbar
-2004 Frankrike Auxerre
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2004-08
2009-
Frankrike Auxerre
Flagget til Romania Vaslui
3 (0)
18 (2)
Landslag
2008- Flagget til Togo Togo 10 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 19. april 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 14. november 2009

Akakpo begynte fotballkarrieren sin i fotballakademiet til Auxerre i Frankrike. Han debuterte for Auxerre sitt førstelag i juli 2007. Han fekk tre kampar for Auxerre før han gjekk gratis til Vaslui i den rumenske toppdivisjonen i januar 2009.

Akakpo spelte på U17- og U20-nivå for Frankrike sitt landslag, og deltok i U17-VM i 2004 for Frankrike. På A-landslagsnivå valde han å spela for Togo, og debuterte for dei 10. september 2008 i ein kamp mot Zambia. Han spelte fleire VM-kvalifiseringskampar for Togo til VM i 2010. Han vart òg teken med i troppen til Afrikameisterskapen i Angola i 2010. 8. januar 2010 vart Akakpo treft av to kuler i beinet då bussen til det togolesiske landslaget vart angripe av terroristar i Cabinda i Angola.

KjelderEndra

Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 10. mai 2010.