Togo
République Togolaise
(norsk: Togo, togolesisk) | |||||||
---|---|---|---|---|---|---|---|
| |||||||
Nasjonalsong | «Salut à toi, pays de nos aïeux» | ||||||
Motto | Fransk: Travail, Liberté, Patrie (Arbeid, rettferd, fedreland) | ||||||
![]() | |||||||
Offisielle språk | Fransk | ||||||
Hovudstad | Lomé | ||||||
Styresett |
Republikk Faure Gnassingbé Komi Sélom Klassou | ||||||
Flatevidd – Totalt – Andel vatn |
56 785 km² (124.) 4,2 % | ||||||
Folketal – Estimert (2017) – Tettleik |
7 965 055 (99.) 140,3 /km² (64.) | ||||||
Sjølvstende frå Frankrike |
27. april 1960 | ||||||
Nasjonaldag | 27. april | ||||||
BNP – Totalt (2015) – Per innbyggjar |
10 820 mill. USD (151.) 1 700 USD (183.) | ||||||
Valuta | CFA-franc | ||||||
Tidssone | UTC | ||||||
Telefonkode | +228 | ||||||
Toppnivådomene | .tg
|
Togo (tidlegare del av protektoratet Togoland) er ein republikk i Vest-Afrika, som grensar til Ghana, Burkina Faso og Benin.
KlimaEndra
Kystområda av Togo har to regntider, ein frå april til juli, og den andre frå september til november. Dei nordlege områda har berre ei regntid som startar i mai eller juni. Kystområda har mindre nedbør enn områda like innanfor. Dette kjem av kalde havstraumar utanfor kysten og at den sørvestlege vinden i område er kystparallell. Minst sannsyn frå nedbør på kysten er det i perioden desember til februar. Årsnedbøren er likevel jamnt over 1000-1500 mm i landet.
Dei nordlege områda har tørketid mellom oktober og april, og temperaturane kan då bli ganske høge med middeltemperaturar over 30 °C og særs låg relativ fukt. Kjøligast er det i juli og august med middeltemperaturar kring 25 °C. Frå desember til februar kan den nordaustleg harmattanvinden påverke heile landet, bortsett frå kystområda. Denne vinden fører ofte med seg ein del støv.