Sergej Lavrov
Sergej Viktorovitsj Lavrov (fødd 21. mars 1950) er ein russisk diplomat og utanriksminister i Russland frå 2004.
Sergej Lavrov
Сергей Викторович Лавров | |
![]() | |
Fødd | 21. mars 1950 (73 år) Moskva |
---|---|
Statsborgar av | Sovjetunionen, Russland |
Parti | Sameint Russland, Sovjetunionens kommunistiske parti |
Yrke | diplomat, politikar, minister |
Institusjonar | Russlands utenriksdepartement US and Canada: economics, politics, culture magazine |
Utdanna ved | MGIMO School No.1414 |
Ektefelle | Maria Lavrova |
Barn | Ekaterina Vinokurova |
Medlem | Det keiserlige ortodokse palestinaselskap |
Alle verv |
Lavrov vart i 1972 uteksaminert frå det sovjetiske utanriksdepartementet sitt institutt for internasjonale forhold i Moskva. Same året vart han send til den sovjetiske ambassaden i Sri Lanka. Frå 1976 til 1981 jobba han i utanriksdepartementet i Moskva, frå 1981 til 1988 i den sovjetiske FN-delegasjonen i New York. I 1988 vende han attende til Moskva og jobba i det russiske utanriksdepartementet, frå 1992 som viseutanriksminister. I 1994 vart han Russland sin FN-ambassadør, noko han var i ti år. 9. mars 2004 utnevnde president Vladimir Putin han til utanriksminister i samband med ei større utskifting av regjeringa før det russiske presidentvalet.
Lavrov snakkar engelsk, singalesisk, dhivehi og til ein viss grad fransk[1]. Han er gift og har ei dotter.
Referansar endre
- ↑ A. Gyldén og A. Chevelkina, La fabrique des diplomates de Poutine, L'Express, 11. mars 2016.