Sergej Aleksandrovitsj Ustjugov (fødd 8. april 1992) er ein russisk langrennar frå Khanty-Mansia. Han vart verdsmeister på 30 km og i lagsprint under Ski-VM 2017 i Lahti. Elles sikra han seg i perioden 2013-19 fire VM-sølv og ein VM-bronse i ulike øvingar under verdsmeisterskapane i langrenn. Han gjekk til topps i Tour de ski 2017. Per 1. mars 2019 stod han bokført med 13 sigrar i verdscupen i langrenn, av dei 9 bestetider i etapperenn.

Sergej Ustjugov


Statsborgarskap Russland
Fødd 8. april 1992 (32 år)
Mezjduretsjenskij
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 2014, Ski-VM 2013, Ski-VM 2015, Ski-VM 2017, Ski-VM 2021

Utmerkingar

æra meister av idrett i Russland, Venskapsordenen

Kjelder

endre