Sergio Ramos
Sergio Ramos García (fødd 30. mars 1986 i Camas i Andalucía) er ein spansk fotballspelar som har spela for Real Madrid i spansk Primera Division og for det spanske landslaget. Han vart seriemeister i Spania med Real Madrid i 2007, 2008 og 2012 og vann den europeiske Meisterligaen med dei i 2014. I 2005, då han spelte for Sevilla, vart han kåra til årets nye spelar i La Liga.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Sergio Ramos García | ||
Fødd | 30. mars 1986 (38 år) | ||
Fødestad | Camas i Spania | ||
Høgd | 183 cm | ||
Posisjon | Forsvarsspelar | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Real Madrid | ||
Nummer | 4 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1996-2004 | Sevilla | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2004-05 2005- |
Sevilla Real Madrid |
39 (2) 287 (36) | |
Landslag | |||
2004 2005- |
Spania U21 Spania |
6 (0) 136 (10) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 17. mai 2014 ‡ Landslagsmål oppdatert 4. juli 2016 |
26. mars 2005 debuterte han for A-landslaget i ein vennskapskamp mot Kina som 18-åring, og vart dermed den yngste spanske landslagsspelaren på 55 år. Året etter var han med i troppen til fotball-VM i 2006. I fotball-EM i 2008 var han fast på laget då Spania vart europameistrar. I fotball-VM i 2010 spelte han også frå start i alle sju kampane då Spania vart verdsmeistrar. I EM i 2012 spelte han igjen alle Spania sine seks kampar frå start til slutt, då dei igjen vart europameistrar.