Sergij Radonezjskij
(Omdirigert frå Sergius av Radonezj)
Sergij Radonezjskij (3. mai 1314–25. september 1392) var ein russisk munk og seinare helgen i Den russisk-ortodokse kyrkja.
Sergij Radonezjskij | |||
| |||
Fødd | 3. mai 1314 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Rostov | ||
Daud | 25. september 1392 | ||
Dødsstad | Sergijev Posad | ||
Yrke | munk, anakoret, igumen, ortodoks prest | ||
Helgendag | 25. september |
Sergij grunnla Troitse-Sergijeva Lavra, det viktigaste åndelege senteret for den russiske kyrkja.
I 1380 signa Sergij Dmitrij Donskoj før slaget ved Kulikovo. Slaget enda med russisk siger og markerte byrjinga på frigjeringa av Russland frå tartarane.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Sergij Radonezjskij» frå Wikipedia på bokmål, den 18. juli 2021.